No er det midnatt om ein augneblink; det går mot det skiljet me gjerne set mellom ein dag og ein annan, men kva er det som er så annleis med denne neste dagen, kva har me gjort i går som gjorde at det vart framskritt og kvifor er me ved neste dag når alt er det same som for fire år sidan? innerst inne veit du at ikkje alt er det same etter at tida har gått ei stund, men kva som har endra seg, er umogleg å seia; du saknar den ferien for to år og sju månadar sidan med den du elska på den tida, det var ein flott austlending og somme dagar gløymde han å barbera seg slik at han vart litt ru over kinna og då kunne du seia at han var som ei padde på eit vis og no skulle du kyssa han så prinsehuda, mjuk som ei barnerumpe eller som nasa di mot hans, kom fram, og de kunne syngja it doens't matter med dei mest forelska falske røystene i verda til de ikkje hugsa om han barberte seg eller ikkje etterpå; det du hugsar er at han laga pannekaker til deg medan du vatna blomane i hytta til bestemor, og du gjekk berrføtt over golvet, han låg på sofaen etterpå og kviskra ord frå ei itanienskordbok; somstundes gjekk det ilingar gjennom deg, for du skjøna kva det tydde, det var slike ord som dolce og det ordet for kjære som du berre hugsa lydane av; den ferien vart det aldri noko av for du sat heime og såg fotball-vm; du visste at han såg på det same, det var det næraste du kom huda hans, og bilen var klar med full tank og nye vindaugsviskarar, du hadde nye sokkar og ein bukett du hadde plukka i hagen; sanninga var at du aldri hadde snakka med han -
Romantikken
Wednesday, August 16, 2006
Romantisk
Romantikken - tida då alt var kjensler av ulikt slag - synest somme dagar å vera nærare enn andre dagar. Så altså; dette er sida for enorme kjensleutbrot. Eller kanskje moderate. Eller til og med små. Romantikken er i alle høve det skrømtet som me helsar på, alle saman. Innimellom. Og somme gongar må det berre få sleppa til og overvelda oss.
